 |
|
|
 | Siste nytt |  | 17.08.2011 | Vil du vera med på å utvikla Fusa? | Fusa treng fleire folk og då vert det bruk for fleire hus. Fusa utviklingsselskap har tomter for sal og ynskjer kontakt med utbyggingsselskap som vil setja opp hus for sal på tomtene. | | Les meir |  | 07.06.2011 | Har du tenkt på å gjera det? | | Dei siste åra er det mange ungdommar som har flytta til Fusa. Dei har bygt seg hus eller kjøpt leilegheit eller ferdig hus. Har du vurdert det same? | | Les meir |  | |
| | |
I kommunesenteret | | | | | Stallabrotet er eit etablert byggjefelt, ligg høgt og fritt med vidt utsyn over Eikelandsfjorden. Gangavstand til alle fasiliteter i kommunesenteret. | | | For ca 25 år sidan vart Stallabrotet byggjefelt bygt ut med ca 40 tomter. No er det det 10 ledige tomter igjen, nokre er reserverte for ein kortare periode. | | |  | | Eikelandsosen Samfunnshus sett frå Fusa ungomdsskule |
Stallabrotet er eit etablert felt med godt miljø. Det er stor stabilitet og langt mellom kvar eigedom som vert selt. Like nedfor byggjefeltet ligg flott fotballbane, samfunnshuse, barnehage og barne- og ungdomsskule. På Leiro ligg Fjord'n Senter med mange og flotte butikkar butikkar. Kommuneadministrasjonen heldt til i eit flott bygg på Leiro og like ved sida ligg Fusa Vidaregåande skule. | | |  | | Kommunetunet ligg idyllisk til på Leio |
På Leiro/Neset er det sett opp 2 leilighetsbygg med 12 og 18 bu-einingar. Det er nokre får leilegheiter leidige. I Eikelandsosen er det to båthavner og planar om ei tredje. Leiro og tilgrensande område er stadig under utvikling. I august 2011 står ca 2500 kvm tilbygg til Fusa vidaregåande skule ferdig. Dersom det går etter planen vert det byggjestart på fleirbrukshall i 2012. | | |  | | Fjord'n senter er handlesenteret for heile kommunen. |
Vegstandaren i Fusa vert bedre og bedre for kvart år som går. Hellandstunellen betyr mykje både for internkommunikasjon til Holmefjord og for reisetid til Bergen. Arbeidet med tunell bak Tysse vert starta opp i 2011. Med desse to anlegga ferdige, vil turen til byen enkelt og lett kunna gjerast på godt under timen. | | | Kyststamvegen gjennom Fusa er under utgreiing. Traseen gjennom Fusa er den billigaste og raskaste å byggja. Vert det gjort dei naudsynte vedtak, vil vegen vera klar innan 10-15 år. Reisetida til Bergen frå Eikelandsosen vil då bli om lag ein halv time. Berre fantasien set grenser for kva muligheter dette kan gje!! | | |  | | I Fjord'n Senter finn du noko både til stor og liten ! |
| | | | | |
| |
 | Kontakt oss | | Telefon: | | 56 58 18 90 | | Telefaks: | | 56 58 18 91 | | E-post: | | post@fusautvikling.no | | Besøksadresse: | | Fjord'n Senter | | Postadresse: | | Postboks 31 | | 5649 Eikelandsosen |
|
|  | Linkar | | |
| Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS Design av Ibox AS |